Hage og utemiljø

Våren nærmar seg med stormskritt og det er tid for å tenke på kva ein skal gjere med hagen og uteområdet. Vi hjelper deg med planlegging og utførsel av ditt prosjekt.
Alt i frå planering, asfaltering, montering av sandfang og drensrenner, muring av naturstein eller Reconmurar. Steinlegge skråningar eller blomsterbedd med elvestein, legging av kantstein i alle fasongar og mykje meir.
Ta gjerne kontakt for ei uforpliktande synfaring og tilbud i fra oss!

 

Drenering og natursteinsmur

Drenering av grunn og overflate

Nok eit dreneringsprosjekt gjennomført i godt samarbeid med kunde.
Ved dette huset var det målt fukt på innsida av grunnmuren ved to av veggane og kunden hadde ikkje anna val enn å fornye dreneringa ved dei to veggane det var snakk om.
Grunna begrensa med plass blei asfalten saga, massene grevne ut og det djupe holet sikra slik det ikkje rasa ut. Vidare blei grunnmuren vaska med høgtrykkspylar og behandla to gongar med Heydi K11 mørtel, samt montert grunnmursplast og kantlist. Utanpå dette blei det brukt isolasjon av typen s80 og 10 cm tjukk.
Drenering under fundamentet si høgd blei etablert og stikk opp til taknedløp, samt spylepunkt for evt. inspeksjon eller spyling ved høve. Det blei også sett ned eit sandfang på 400mm i hagen og som vidare blei kopla til det kommunale anlegget. Langs dei eksisterande massane blei det lagt fikerduk i typen klasse 2 og singel 16-32 mm rundt dei nylagde røyra. Vidare opp igjennom brukte vi større fraksjon av singel for å unngå for stort trykk i mot grunnmur.
Kunden var også noko plaga med overvatten ved den asfalterte parkeringa si med fall inn i mot huset og det blei difor montert inn ACO-drain renner ca. 50 cm frå husveggen for å få fall i frå huset og som fanga vatn frå det eksisterande fallet som var i mot huset ved parkeringa. Rennene blei montert i jordfuktig betong og armeringsjern under for å sikre stabilitet. Vidare er det lagt på finare singel og veigrus som blei lett komprimert. Alt klart for asfaltering og med dette treng ikkje kunden ver nevneverdig nervøs for dreneringa ved boligen sin.

Natursteinsmur som er avbilda blei oppført av oss i 2016 og er ein smekker mur som gjorde at familien fikk bedre parkeringsplass og enklare inn- og utkøyring frå garasja nærast muren. Dette var kriteriar som familien stilde før arbeidet tiltok og med god planlegging, samt bruk av rett stein blei dette ein flott mur som familien blei godt hjelpte med.
Denne størrelse stein kan ein fint bruke på murar opp til ca. 1,5 meter høgd.