Hage og utemiljø

Våren nærmar seg med stormskritt og det er tid for å tenke på kva ein skal gjere med hagen og uteområdet. Vi hjelper deg med planlegging og utførsel av ditt prosjekt.
Alt i frå planering, asfaltering, montering av sandfang og drensrenner, muring av naturstein eller Reconmurar. Steinlegge skråningar eller blomsterbedd med elvestein, legging av kantstein i alle fasongar og mykje meir.
Ta gjerne kontakt for ei uforpliktande synfaring og tilbud i fra oss!

 

Drenering og natursteinsmur

Drenering av grunn og overflate

Nok eit dreneringsprosjekt gjennomført i godt samarbeid med kunde.
Ved dette huset var det målt fukt på innsida av grunnmuren ved to av veggane og kunden hadde ikkje anna val enn å fornye dreneringa ved dei to veggane det var snakk om.
Grunna begrensa med plass blei asfalten saga, massene grevne ut og det djupe holet sikra slik det ikkje rasa ut. Vidare blei grunnmuren vaska med høgtrykkspylar og behandla to gongar med Heydi K11 mørtel, samt montert grunnmursplast og kantlist. Utanpå dette blei det brukt isolasjon av typen s80 og 10 cm tjukk.
Drenering under fundamentet si høgd blei etablert og stikk opp til taknedløp, samt spylepunkt for evt. inspeksjon eller spyling ved høve. Det blei også sett ned eit sandfang på 400mm i hagen og som vidare blei kopla til det kommunale anlegget. Langs dei eksisterande massane blei det lagt fikerduk i typen klasse 2 og singel 16-32 mm rundt dei nylagde røyra. Vidare opp igjennom brukte vi større fraksjon av singel for å unngå for stort trykk i mot grunnmur.
Kunden var også noko plaga med overvatten ved den asfalterte parkeringa si med fall inn i mot huset og det blei difor montert inn ACO-drain renner ca. 50 cm frå husveggen for å få fall i frå huset og som fanga vatn frå det eksisterande fallet som var i mot huset ved parkeringa. Rennene blei montert i jordfuktig betong og armeringsjern under for å sikre stabilitet. Vidare er det lagt på finare singel og veigrus som blei lett komprimert. Alt klart for asfaltering og med dette treng ikkje kunden ver nevneverdig nervøs for dreneringa ved boligen sin.

Natursteinsmur som er avbilda blei oppført av oss i 2016 og er ein smekker mur som gjorde at familien fikk bedre parkeringsplass og enklare inn- og utkøyring frå garasja nærast muren. Dette var kriteriar som familien stilde før arbeidet tiltok og med god planlegging, samt bruk av rett stein blei dette ein flott mur som familien blei godt hjelpte med.
Denne størrelse stein kan ein fint bruke på murar opp til ca. 1,5 meter høgd.

 

Totalforandring av gjengrodd hage

Ein gjengrodd og lite ivateteken hage blei plutseleg omgjort til eit fantastisk uteområde med stort potensiale til vidare utvikling. Her har ein fått utvida eksisterande plenareal, samt rulla ut flott ferdigplen, laga flotte gangstiar langs boligen og ned til grillområde/terrasse som kan utviklast ubegrensa, og vidare ned langs eigedomen. Trapp i naturstein frå gangsti og ned til plenareal på nivå to, samt skråning med plastduk og enkel steinrast langs gangsti som fin avslutning.
Det er ingen tvil i at dette er eit avansert prosjekt med mykje detlajar og utfordringar i forbindelse med utforming. Det krev gode idéar og god dialog mellom kunde og utførande entreprenør under heile prosessen.
Vi takka for oppdraget og håpe du tek kontakt for ditt prosjekt.
 

Utfasing av Oljefyr

 Credit: www.enova.no

Credit: www.enova.no

Utgraving og fjerning av oljetank

Har du ein oljetank i hagen og undar deg om korleis du skal bli kvitt denne? Vi hjelper deg!
Urke Maskinservice AS grev ut tanken, tøymer det som eventuelt er igjen og leverar den til godkjent mottak, plugga røyra, fyller det etterlatte holet med pukk og planera toppdekket tilbake med eksisterande masser. Vi kan også vere behjelpelege med fjerning av fyringskjel/oljetank innandørs.
 
Ved utfasing av fyringskjel og oljetank innan 2020, samt installering av fornybar varmekjelde, kan få støtte på inntil 10 000 kr frå Enova ved ettersending av dokumentasjon for utført tiltak. Tak kontakt for nermare informasjon.

Fastpris på fjerning av oljetank ved einebustad inkl. tilbakefylling: 19 900,- inkl. mva.

 

 

 

Fasadeendring med naturstein

Oppføring av naturstein inn til grunnmur ved hytte i Stordal. Hytteeigar var lei betongmur og ville gjere eigedomen meir innbydande og gi den eit massivt preg. Spanande prosjekt å bli tildet og kunden var svært fornøgd med utført arbeid.
Stein var "handplukka" i god tid før oppstart, slik ein fikk ei jamn og fin fasade på sluttproduktet.  
Vi takka for oppdraget!
 

Einebustad

Grunnarbeid for einebustad ved Leirvågen i Sula kommune. Utgraving av masser og transport til deponi, sprengning av fjell (utført av eksternt firma), uttak av steinmasser, samt pigging av fjell. Opparbeiding av berelag til garasjefundament, montering av drenering, grunnmursplast, isolasjon og tilbakefylling med drenerande masser. Oppbygging av berelag til hovudetasjen, samt montering av drenering og sandfang. Grovplanering og tilførsel av singel ved enkelte områder, samt gruslegging av parkeringsområde.

Elegant uteområde

 

Uteområde opparbeidd i godt samarbeid med kunde. Oppføring av natursteinsmurar med stein i frå Utvik og ein tanke om so symetriske murar som mogleg langs innkjørselen, samt ei naturleg avtrapping opp mot bolig. Avslutta med ei steinrekke langs bolig for å få eit fint skilje mellom grøntareal og gangareal. Grøntareale er planert med solda jord og skråningar er tildekte med fiberduk klasse 2 og singel i forskjellige fraksjonar. Asfalt er levert igjennom Urke Maskinservice AS og utført av vår gode samarbeidspartnar Veidekke. Ein smart måte å lage til eit mest mogleg vedlikeholdsfritt uteområde på.

Idyll

Ein fantastisk eigedom nærliggande sjøen ved Flisneset i Ålesund, som vi var så heldige å få opparbeide. Her har vi fått ganske fritt spelerom for utforming av område med natursteinsmurar, trapper og gangstiar. Oppfylling av område, lage vedlikeholdsfrie skråningar med pukk og toppdekke med ferdigplen som blei rulla ut. Eigaren blei svært fornøgd med resultatet og vi takka for tildelinga av prosjektet.

Planering, drenering og asfaltering ved Ellingsøya

Planering, drenering og isolering

Komplett utbedring av drenering på ein einebustad. Mur blei vaska og smurt inn med 2 lag Heydi K11 som forseglar grunnmuren. Grunnmursplast med kantlist og isolasjon på utsida montert. Separat dreneringssystem for taknedløp og grunnvatten, med spylepunkt for begge anlegg. Fiberduk klasse 2 i mellom eksisterande massar og ny drenerande 16/32 mm singel som tilført inn mot grunnmur.
Utskifting av massar ved parkeringsområde, planering og valsekomprimering med 1-2% fall i ønska retningar for å unngå overflatevatten. Asfalt levert av vår samarbeidspartnar Veidekke.