Grunnarbeid for moderne sjøbuer
I dette prosjektet utførte Urke Maskinservice alt grunnarbeid. Dette inkluderte tekniske anlegg for vatn, avløp og straum, muring av naturstien, plastring av fyllingar i sjø, samt montering av gjerder og klargjering for asfaltering.
Natursteinsmur med organiske linjer
I dette oppdraget stod vi for utgraving av grunn og klargjering for støttemurar med fundamentering og drenering. Vidare utførte vi muring av støttemur med 20–40 cm sortering av stein frå Nordfjord Skifer. Arbeidet vart avslutta med tilbakefylling av drenerande massar og tilstelling med fin singel.
Vakkert uteområde på terrassert tomt
På ei krevjande tomt fekk vi gleda av å skape eit gjennomført og funksjonelt uteområde – frå planlegging til ferdig resultat. Arbeidet omfatta oppføring av støttemurar og trapp i naturstein, masseutskifting av grunn og etablering av drenering. I tillegg la vi gangbaneheller med tilhøyrande dreneringsrenner, og utførte forarbeid til asfaltering med formidling av asfalt. Resultatet vart eit komplett og gjennomført uteområde – eit produkt levert frå A til Å.
Triveleg gardstun i havgapet
I dette prosjektet stod Urke Maskinservice for muring av naturstein for sikring av grunn og tilkomst til baksida av boligen på tunet – og vi sette opp kantmurar for å etablere fine og haldbare avgrensingar ved hagen. Vi utførte grunnarbeid og forarbeid til asfaltering, samt montering av ulike sandfang for god drenering av tunet.
Opparbeiding av hage
Her leverte Urke Maskinservice komplett grunnarbeid med tekniske anlegg for utbygging av sauna med tilhøyrande garderober. Støttemurar i naturstein gir fine avslutningar og nivå, og ei trapp mura med spesialbestilte trinn blir eit vakkert element som bind hagen saman. Før vi avslutta arbeidet gjorde vi hagen klar for utrulling av ferdigplen.
Drenering av bolig
Frigraving av grunnmur, vasking og slemming av mur, montering av grunnmursplast med tilhøyrande kantlist, isolering med 100 mm XPS, samt bruk av fiberduk mot stedlege masser og etablering av to 110 mm drensrør og overvannsrør for taknedløp med sandfang. Tilbakefylling med reine, drenerande masser og tilstelling. Alt utført i tråd med SINTEF Byggforsk sine anbefalingar for drenering av bolig.
Oppgradert utemiljø i bratt tomt
Solide natursteinsmurar og planering av ei relativt bratt tomt gir god utnytting av plassen. Murane er bygd med stein frå Nordfjord Skifer, eit vakkert produkt som vil vare i generasjonar.
Oppgradert hage og oppkøyrsel
I dette prosjektet har vi mura med naturstein frå Nordfjord Skifer og lagt kantstein frå Asak Herregård. Vi nytta Aco Drain-renner og sandfang med køyresterke rister. Den nye hagen vart etablert med grunnarbeid til nytt drivhus, rensk av buskas, planering og klargjering for plen.
Renovering av hage
I dette prosjektet har vi stått for alt frå planlegging til utføring av grunnarbeid for terrasse i skrått terreng. Vi stod for muring av støttemurar, justering av stigningar for gangveg opp til boligen, og klargjering for asfaltering, inkludert formidling av asfalt.
Solid opparbeidd eigedom
Solid opparbeidd eigedom med terrassert støttemur som bryt opp inntrykket av den høge muren. Her kan ein plassere potteplantar for å mjuke opp uttrykket og skape eit trivelegare uterom. Gjerda er sett opp i solid utføring, varmgalvaniserte og pulverlakkerte for lang levetid. Vi stod òg for planering, forarbeid til asfaltering og formidling av asfalt. Ein komplett leveranse – med berre éin leverandør å forhalde seg til.
Opparbeiding av triveleg uterom
Låge støttemurar og elvestein i skråning omsluttar dette vakre uteromet. Under elvesteinen hindrar fiberduk at molda renn vekk, og at ugraset trengjer gjennom. Ei stødig trapp gir god tilkomst til området. Med nokre grøne plantar i skråninga får ein eit tidlaust og flott utemiljø som vil vare lenge – utan for mykje innsats.