Oppgradert utemiljø i bratt tomt
LOKASJON: Langevåg
LEVERING: 2025
Solide natursteinsmurar og planering av ei relativt bratt tomt gir god utnytting av plassen. Murane er bygd med stein frå Nordfjord Skifer, eit vakkert produkt som vil vare i generasjonar.
Sjå fleire prosjekt i same kategori
I dette prosjektet utførte Urke Maskinservice alt grunnarbeid. Dette inkluderte tekniske anlegg for vatn, avløp og straum, muring av naturstien, plastring av fyllingar i sjø, samt montering av gjerder og klargjering for asfaltering.
I dette oppdraget stod vi for utgraving av grunn og klargjering for støttemurar med fundamentering og drenering. Vidare utførte vi muring av støttemur med 20–40 cm sortering av stein frå Nordfjord Skifer. Arbeidet vart avslutta med tilbakefylling av drenerande massar og tilstelling med fin singel.
På ei krevjande tomt fekk vi gleda av å skape eit gjennomført og funksjonelt uteområde – frå planlegging til ferdig resultat. Arbeidet omfatta oppføring av støttemurar og trapp i naturstein, masseutskifting av grunn og etablering av drenering. I tillegg la vi gangbaneheller med tilhøyrande dreneringsrenner, og utførte forarbeid til asfaltering med formidling av asfalt. Resultatet vart eit komplett og gjennomført uteområde – eit produkt levert frå A til Å.
I denne hagen fekk vi gjere førebuande grunnarbeid til eit større drivhus. Vi stod for etablering av solid grunn og muring av naturstein i trappeform for god tilgang til det nye drivhuset frå alle kantar.