Solid i grunnen sidan 1995
Urke Maskinservice har røter tilbake til 1995, då Åge Urke starta verksemda med fokus på kvalitetsarbeid innan grunn- og anleggsarbeid. Med fagleg stoltheit, lokalkunnskap og eit sterkt ønske om å levere gode tenester til både private og profesjonelle oppdragsgivarar, bygde Åge gradvis opp eit solid namn i regionen. Gjennom hardt arbeid og gode relasjonar vart Urke Maskinservice raskt kjend som ein driftssikker og løysingsorientert aktør.
Dyktige folk, sterke fagtradisjonar og varige relasjonar.
Generasjonsskiftet
I 2015 vart verksemda vidareført gjennom etableringa av Urke Maskinservice AS, med Jan-Lennart Urke som dagleg leiar. Dette markerte starten på ein ny fase med modernisering, investeringar i utstyr og vidare profesjonalisering av tenestene. Med vidareføring av dei same grunnverdiane – kvalitet, ansvar og godt handverk – voks selskapet med eit naturleg og stabilt fotfeste i marknaden.
Fusjon for robust fundament
Per 2025 har bedrifta gjennomført ei strukturendring og er no ein del av Umas Holding AS. Fusjonen, som vart gjennomført i oktober 2025, gir eit robust fundament for vidare vekst og langsiktig utvikling.
Staben
Gjennom dei siste ti åra har staben i Urke Maskinservice AS vore tilnærma uendra – og det er ingen tilfeldigheit. Dei tilsette utgjer kjernen i selskapet si identitet: fagfolk med erfaring, yrkesstoltheit og evne til å levere arbeid av høg kvalitet. Våre medarbeidarar får jamleg svært gode tilbakemeldingar frå oppdragsgjevarar – eit direkte resultat av kompetanse, pålitelegheit og god gjennomføringsevne.
Det er nettopp dette som gjer Urke Maskinservice AS til eit trygt og føretrekt val: Dyktige folk, solide fagtradisjonar og langsiktige relasjonar.
Vatn + Avløp
Vi utfører vatn- og avløpsarbeid for både private, næringsliv og offentlege oppdragsgivarar. Med moderne maskinpark og erfarne fagfolk leverer vi effektive og solide løysingar – alltid med fokus på kvalitet, tryggleik og god framdrift.
Drenering
Vi utfører drenering rundt hus, bygg og uteområde for å hindre fuktskadar og sikre stabile grunnforhold. Med moderne utstyr, fagkunnskap og nøyaktig utføring sørgjer vi for at vatnet blir leia bort – før det gjer skade.
Hage + Utemiljø
Vi opparbeider komplette uteområde – frå grovplanering til ferdig hage. Med solid fagkunnskap og presist utført arbeid skapar vi funksjonelle og varige uteområde som gjev eit ryddig og tiltalande uttrykk.
Asfaltering
Vi utfører masseutskifting, planering og komprimering for å sikre eit stabilt underlag før asfalt. Vi leverer komplett forarbeid og formidlar ferdig asfaltering gjennom våre samarbeidspartnarar – alt frå grunn til ferdig dekke.
Ein moderne og godt vedlikehalden maskinpark gir oss høg effektivitet og trygg drift i alle typar anleggsoppdrag.
-

Cat 315
2023 mod 18 tonn gravemaskin med rotortilt, integrert gripkasett, GPS, 3 skuffer, klype og hammar.
-

Cat 308
2025 mod 9 tonn gravemaskin med rotortilt og integrert gripkasett, 3 skuffer, klype og hammar.
-

Bobcat E60
2023 mod, 6 tonn grave maskin med rotortil, 3 skuffer, klype og hammar.
-

Cat 308
2025 mod med rotortilt og 3 skuffer.
-

Volvo FH540
2023 mod kroklastebil med 2 stk. containere.
-

Kramer 8105
6 tonn 2020 mod hjullastar med pallegaflar, grusskuff, snøskuff, feieaggregat, plog og sandstrøar.
-

Kramer 5040
2 tonn 2023 mod hjullastar med pallegaflar, grusskuff, snøskuff, feieaggregat, plog, snøfres og sandstrøar.
-

Kramer 5040
2 tonn 2023 mod hjullastar med pallegaflar, grusskuff, snøskuff, feieaggregat, plog, snøfres og sandstrøar.
-

Hamm HD10
2007 mod vegvals.
-

Bomag BRP 100/80D
700 kg vibroplate.
-

Kato TCH 1500
1,5 tonn 2019 mod minidumper med svingbar tippfunksjon.
-

Ifor Williams TT3017
2025 mod kombinert tilhengar med køyrebruer og hydraulisk tippfunksjon.
-

Ifor Williams Lt125
2020 mod varehenger.
-

Opel Vivaro
3 stk. 2025 mod varebilar, godt utstyrte for comfort til våre tilsette.
-

Land Rover Discovery
2019 mod med 3,t tonn hengarvekt for sikker transport av mindre utstyr.
-
Anna utstyr
Vi har godt med anna nødvendig utstyr til saging av betong og asfalt og mindre vibroplater. Alt for å kunne utføre ein solid jobb.