Idyll

Ein fantastisk eigedom nærliggande sjøen ved Flisneset i Ålesund, som vi var så heldige å få opparbeide. Her har vi fått ganske fritt spelerom for utforming av område med natursteinsmurar, trapper og gangstiar. Oppfylling av område, lage vedlikeholdsfrie skråningar med pukk og toppdekke med ferdigplen som blei rulla ut. Eigaren blei svært fornøgd med resultatet og vi takka for tildelinga av prosjektet.